Grilling er ein hyggeleg måte å tilberede mat på ute i friluft. Den enklaste måten å grille på, men og den minst tilrådde, er å bruke eingongsgrill. Desse blir ofte veldig varme på undersida, også om dei blir sett på stativ. Grillen må derfor settast på eit underlag som ikkje tar fyr. Eingongsgrillar skal ikkje forlatast utan at dei er forsvarleg sløkt, helt med store mengder vatn. Hugs å rydde opp etterpå. Kolgrillen skal i stor grad behandlast på same måte. Hugs at glør frå grillen kan tenne tørt gras eller anna brennbart materiale i nærleiken.

Mange har kjøpt seg gassgrill fordi den er enkel å tenne og at maten ikke får den for mange velkjente smaken av tennvæske. Når grillen har vore pakka vekk ein heil vinter skal gassflaska koplast til. Dei fleste ulukkene med gassgrill og andre gassapparat skjer fordi det lek gass ut mellom flaska og utstyret det er kopla opp mot. Du finn gode råd for påkopling og utskifting av gassflaske på sikkerhverdag.no

Gasslangen til grillen er ferskvare. Den blir fort tørr og morken etter ein tids bruk. Skulle slangen sprekke, vil gassen leke ut og kan gje eksplosjonsfare. Gasslangane bør bytast ut etter 2-5 år. Råd for byting av slange finn du her. Dersom grillen står på ein stad med mykje sollys og temperatursvingingar vil den ha kortare levetid. Slangen må sjekkast for lekkasjar jamleg. Det kan du gjere sånn:

  • Bøy på slangen og sjå etter sprekker
  • Spray eller pensle på såpevatn på slange og koplingar. Sjå etter bobler som kan indekere lekkasje.
  • Bruk nasen. Gassen er tilsett lukt som skal gjere at du oppdagar lekkasje. Luktar du gass, så skal du slå av regulatoren og fjerne gassflaska frå grillen.

Fleire gode råd om varsemd ved grilling kan du lese på sida til Norsk brannvernforening.