Det er ulike krav til rømmingsveg ut frå kva type hus du bur i og kor høgt det er. Reglane til branntryggleik for nye bygg har blitt endra over mange år, men minstekrava til rømmingsveg har stort sett vore uforandra. Har du bustad på eit plan med ei dør ut til terreng, stettar det minstekrav til rømmingsveg. Er det fleire etasjar i det bygget du bur i, så må du som regel ha ein alternativ rømmingsveg. Men her kan det vere unnatak. Sjå reglane for rømmingsvegar i lenkene under.