For nokre dagar sidan fekk vi tilsendt eit bilete av ei svidd ladeleidning frå ein privat bustad. iPaden var tatt av lading om kvelden, men leidninga sto att i kontakten. Leikne husdyr hadde truleg vore bortom leidninga, og når eigaren vakna om morgonen såg det sånn ut. Ein god porsjon flaks gjorde at dette ikkje utvikla seg til ein brann i bustaden. 

Feil på elektronisk utstyr eller feil bruk av det, har vore årsak til brannar både i bustader og i andre bygg. Lading av telefonar og nettbrett, laptoppar som blir lagt i kvilemodus i sofa eller seng, fjernkontrollar og flatskjermar som ikkje blir slått av er alle potensieller brannkjelder. Brannar oppstår både i nye og eldre produkt. Det viktigste vi kan gjere for å førebygge at dette skjer er å ha gode rutinar. 

- Trekk alltid ladeleidningar ut av kontakten når dei ikkje er i bruk

- Lad aldri elektronikk om natta eller når du forlater bustaden 

- Slå av laptop og PC når du ikkje skal bruke det på ei stund. Også separate flatskjermar bør slåast av. 

- Legg ikkje elektronisk utstyr i sofa, sengetøy eller på anna underlag kor det ikkje får luft til kjøling.

Og det viktigaste av alt: Pass alltid på å ha fungerande brannvarsling i heimen. Det reddar liv om uhellet likevel skulle vere ute.