Sogndal brannstasjon
Ved Sogndal brannstasjon er det pr idag 4 biler; ein brannbil/mannskapsbil (S1.1), ein tankbil (S1.4). og ein redningsbil (S1.7) og en kippbil, og I tillegg er det ein tilhenger med utstyr for overfla...
Våre brannstasjonar er i hovudsak plassert i tettstadane i våre eigar kommuner. Og det er dimensjoneringsforskrifta og ei ROS analyse (jf brannordning) som avgjer kvar vi skal ha brannberedskap. Ein tettstad er pr definisjon (frå SSB) ein stad med meir enn 200 innbyggarar og mindre enn 50m mellom husa. I tillegg seier dimensjoneringsforskrifta at vi ikkje skal ha meir enn 10.min. innsatstid til typisk sjukeheimar og andre særskilte brannobjekt med høg risiko for tap av liv ved brann. Dette kan i visse høve fråvikast dersom ein gjer kompenserende tiltak i dei objekta det gjeld. Brannvesenet har gjennom dimensjoneringsforskrifta klare krav til innsatstid, desse er 10min, 20min og 30min.