Berre i løpet av mars og april i år har seks nye produkt kome til i lista over utrygge produkt på Elsikkerhetsportalen.no, med brannfare som eit av momenta. I tillegg er det mange produkt som er oppført som utrygge på grunn av berøringsfare og fare for elektriske støt.

Dei siste åra har netthandel på internasjonale nettstader hatt ein kraftig auke. Det gjer at nye produkt utan den same produktkontrollen som vi har her i landet er på plass.

Det skjer også frå tid til anna at produkt som vi ser på som trygge viser seg å ikkje vere det. 22. april trekte If tilbake 17400 sikkerheitsladarar som dei har hatt i sin nettbutikk på grunn av nokre tilbakemeldingar om kortslutning.

Vi rettar endå ein gong fokuset mot å unngå å bruke unødvendige elektriske og elektroniske produkt når du forlater huset eller skal sove. Og ikke minst - hugs å ha fungerande brannvarsling slik at du får tidleg varsel om det skulle oppstå brann i eit av desse produkta.