Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brannvarsling og manuelt sløkkjeutstyr i bustad og fritidsbustad

Røykvarslar reddar liv

Det har vist seg gjennom mange år at det som reddar flest liv er at det er montert fungerande røykvarslar i alle bueiningar. At røykvarslaren fungerer kan dei fleste fint klara å halda kontroll på ved å prøva den med testknappen. I tillegg er det viktig at batteriet i røykvarslaren er nytt og friskt. Dette får ein god kontroll på om batteriet vert bytt ein gong i året.

1.desember er røykvarslaren sin dag, og det kan vera greitt å leggja batteriskift til denne dagen.

Manuelt sløkkjeutstyr

I bustader og fritidsbustader er det krav om at det skal vera sløkkjeutstyr som dei fleste som oppheld seg i bygget skal kunna bruka.

Det er viktig å vera klar over at dersom det er valt å bruka skum eller pulverapparat som sløkkjeutstyr, så er alder på desse apparata avgjerande for om dei er godkjende eller ikkje.

Eit skumapparat har ei godkjend levetid på 5 år, medan eit pulverapparat har ei godkjend levetid på 10 år. Pulverapparatet skal likevel ha ein sakkyndig kontroll kvart 5. år. I tillegg skal eigaren utføra eigenkontroll på apparatet etter produsenten sine tilrådingar.

Dette er noko feiarane ser på og snakkar litt om når dei er på tilsyn.

Kvar dette kravet er å finna

Det er forskrift om brannforebygging §7 som stiller krav til brannvarsling og manuelt sløkkjeutstyr i bustad og fritidsbustad. Det er lurt å ha med i tankane at dette er minimumskrav, og det vil i dei fleste tilfelle vera bra å utstyra bygget meir enn dette.

Utklipp frå forskrift om brannforebygging §7

bilde brannvarsling.png

Tips en venn Skriv ut
Publisert | Oppdatert 01. juli 2019