I området til Sogn brann og redning IKS, Vik, Luster og Sogndal kommune, har det dei siste fem åra vore om lag 140 brannar og branntilløp knytt til bygningar. Ein tredjedel av desse har skjedd mellom klokka 20.00 og 06.00. Når vi ligg og søv er vi ekstra sårbare. Røykvarslaren reddar liv. Det er derfor viktig at du bytar batteri og skiftar ut eldre varslarar.


Røykvarslardagen er eit fleirårig samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Det lokale eltilsyn, brannvesenet og Gjensidige. I år er vi også lokalt fysisk saman om å markere dagen. I Sogndal treff du både brannvesenet, Det lokale eltilsynet og Gjensidige. I Gaupne finn du brannvesenet og Det lokale eltilsynet saman. På Leikanger, i Vik og i Balestrand møter du representantar frå brannvesenet.

Alle kan bli betre til å tenkja branntryggleik. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken i heimen, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden verkar som dei skal, og at dei kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det klart beste er å ha seriekopla varslarar.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å teste røykvarslarane og å byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember. 

Det er fleire forskjellige typar røykvarslarar. Nokre har ein «test»-knapp som ein kan trykkja på for å sjekka om det kjem pipelyd. Andre har eit brannalarmanlegg som seier i frå automatisk viss ein må byte batteri. Finn ut av kva for ein type du har heime, test røykvarslaren og byt batteri viss det er behov for det.

På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som gjer branntryggleiken betre.

Torsdag 1. desember finn du oss frå klokka 12.00  på

  • Amfi Sogningen
  • Pyramiden i Gaupne
  • Saften i Leikanger
  • Vikjatunet i Vik
  • Holmatunet/Joker i Balestrand

Vi ser fram til å treffe deg!


Kontaktperson:
Sogn brann og redning IKS
– Torill Anita Segtnan, Tlf. 476 72 972, e-post: torill.anita.segtnan@sognbrann.no

DLE (Det lokale eltilsyn) Sygnir – Kjetil Aspelund, Tlf. 906 49 854, e-post: kjetil.aspelund@sygnir.no

DLE (Det lokale eltilsyn) Breheim Nett – Tor Einar Ø. Bjørk, Tlf  911 06 357, e-post: tor.bjork@lusterenergiverk.no

Gjensidige Sogndal – Daniel Kvåle, Tlf. 481 88 903, e-post: daniel.kvale@gjensidige.no