Brann i bustader utviklar seg fort. I løpet av 3-5 minutt skal du komme deg ut av bygget. Då er røykvarslaren viktig for tryggleiken din. 

Røykvarslaren må kontrollerast jamleg sånn at du veit at den fungerer som den skal. Den skal ha ein eigen testknapp til denne bruken. 

Du skal minst ha ein røykvarslar i kvar etasje. Lyden skal høyrast godt (60 dB) inn i alle opphaldsrom også når døra er lukka. Trass den høge lyden er det mange, og spesielt små barn, som ikkje vaknar av røykvarslaren. Ha ein plan for kva som må gjerast om ein brann skulle oppstå heime hos deg. 

For nyare bustader er det krav til at varslarane skal vere kopla i serie, vere knytt til straumnettet og har batteri som reserveløysing. Vi tilrår å ha røykvarslarane kopla i serie også i andre bygg for å få varsel i alle delar av bygget samtidig. 

Røykvarlarar har ei levetid på 8-10 år. Etter dette bør dei bytast for å vere sikker på at varslinga fungerer som den skal.

Uansett kor bra varsling du har i heimen, bruk nokre minutt før du legg deg til å sjekke at:

- levande lys og julebelysning er slukka

- døra til vedomnen er lukka

- elektronikk og elektrisk utstyr ikkje står til lading

- vaskemaskin, oppvaskmaskin, tørketrommel og liknande er slått av

- alle plater på komfyren er slått av

 

Sogn brann og redning IKS ønskjer alle ei branntrygg førjulstid.