Dei fleste kjenner det generelle bålforbodet i perioden frå 15. april til 15. september kvart år. I tillegg til dette kjem også krav i forureiningslova og plan- og bygningslova inn.
Bålbrenning kan vere problematisk for menneske med luftvegsplagar. Kommunane Sogndal, Luster og Vik har derfor vedteke lokale forskrifter som regulerer kvar det ikkje er lov til å brenne bål. Forskriftene finn du her:
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Sogndal kommune, Vestland
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Luster kommune, Sogn og Fjordane
Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Vik kommune, Sogn og Fjordane
Ønskjer du å brenne avfall knytt til bygging eller riving kan dette vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova. For søknadspliktige tiltak vil det kunne bli sett krav til avfallsplan, og brenning av bygningsavfall må søkast som ein del av denne planen. Søknaden må vere godkjent før du kan ta til med brenninga.
Når du skal brenne bål må du derfor:
- Sjekke om du kan brenne bål der du ønskjer etter dei lokale forskriftene. Usikker? Ta kontakt med kommunen du skal brenne i.
- Kontakte byggesak i kommunen byggearbeidet pågår i, dersom brenninga er knytt til byggearbeidet, for å sjekke om det er ok å brenne avfallet.
- Meld bålet inn på skjema til Sogn brann og redning for å avverge ei eventuell utrykking. NB! Vi godkjenner ikkje bålbrenning, men registerer kor det skal brennast.
Les meir i nyhenda vår Melding om brenning av bål, reglar for bråtebrenning, grilling med meir, og hugs at det alltid er du som har ansvaret for at bålbrenninga ikkje er til skade eller ulempe for andre.