Bålbrenning skal meldast på eige skjema til Sogn brann og redning IKS. Lenke til skjema. Ved å sende inn skjema stadfester du samstundes å ha lese det som står på denne sida/artikkelen.
Sjå og varsom.no
Dersom du skulle miste kontrollen – ring 110 for å melde brann!
Generell aktsemd
Alle har plikt til å vise aktsemd ved aktivitet som kan føre til brann. Det gjeld alltid, uansett vêrforhold, omgjevnader og tid på året og omfattar bruk av bålpanner, eingongsgrill, primus, japansk/kinesisk lykt og andre innretningar med ope flamme eller gneister som kan føre til brann. Dette er regulert i forskrift om brannforebygging §3. Brot på denne regelen kan føre til politimelding og eit krav om å dekke utgifter etter brannvesenet si utrykking.
Vurdering av brannfare
Det er du sjølv som veit kor tørt det er akkurat der du er. Derfor er det du som og må vurdere om du kan gjere opp eld og ta ansvar for dette. Brannvesenet gjev ikkje særskild løyve til brenninga.
Det kan oppstå særleg brannfare etter lange tørre periodar. Då kan brannvesenet innføre forbod om bruk av ope eld ut over tidsrommet sett i forskrift om brannforebygging. Det vil bli gjeve informasjon om dette på nettsida til Sogn brann og redning IKS. Meterologisk institutt har spesialvarsel om skogbrannfare på si heimeside. Du kan lese meir om den nye farevarslinga her: https://www.dsb.no/nyhetsarkiv/2021/ny-og-bedre-farevarsling-for-skogbrann/
Arbeider du i skogen sjå her.
Ønskjer du generelle råd om brannfaren, eller har spørsmål kring brenninga, kan du ringe vakttelefonen til Sogn brann og redning IKS, med nummer 48 29 69 29.
Ansvar
Når forholda er slik at det er forsvarleg å tenne bål, så er det du som tenner bålet som har ansvar for det. Det betyr at du må:
- vere til stades så lenge bålet brenn
- ha tilstrekkeleg sløkkemiddel tilgjengeleg
- ha kontroll på storleiken på bålet sånn at det lar seg sløkke
- halde avstand til bygningar og vegetasjon som kan ta fyr
- passe på endringar i vind og vêr som kan auke fare for brannspreiing
Brenning av bål etter det har begynt å mørkne gjer at det på avstand kan oppfattast som ein brann, og føre til at brannvesenet vert kalla ut for å sløkke. Brannvesenet prøver å redusere tal unødige utrykkingar og det er derfor bra om du sløkker bålet før det vert mørkt.
Men eg skal berre……
Aktsemdsregelen gjeld framleis!
Forbod mot open eld 15. april – 15. september
I denne perioden er det er forbod mot å gjere opp ope eld i heile Noreg. Det betyr at du ikkje skal brenne bål eller liknande i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen. Du kan likevel gjere opp eld der kor det openbert ikkje kan føre til brann. Det kan vere stader kor det til dømes enno ligg snø.
Særleg stor brannfare
I lange tørre periodar blir brannfaren ekstra stor. Då kan det bli innført forbod om bruk av ope eld ut over tidsrommet sett i forskrift om brannforebygging.
Forureining
Det er berre reint treverk som skal brennast i eit bål. Anna materiale skal leverast til godkjent avfallmottak. Brenning av hageavfall i eigen hage er lovleg etter brannregelverket, men kan ofte vere ei forureining som er til irritasjon og plage for naboane dine. Nokre kommunar har derfor eigne forskrifter med reglar for kor du ikkje kan brenne bål, knytt til forureiningslova. Dette omfattar mellom anna Luster og Vik. Ta kontakt med kommunen du skal brenne i, for å gjere deg kjent med kva reglar du må følgje akkurat der du er. I nokre tilfelle må du søke om løyve i forkant av brenninga.
Svibrenning og bråtebrenning i landbruket
I samband med landbruksverksemd er det vanleg og av og til krav om å fjerne gamalt planteavfall ved brenning. Aktsemdsregelen er gjeldande også her. Landbrukets brannvernkommité har laga nokre praktiske råd om bruk av ope eld. Dei finn du her.