Feiing blir utført etter ulike intervall. Intevalla blir sett etter ei vurdering av mellom anna sotmengde i pipa ved førre feiing. Det betyr at naboen din kan få tenesten i år og du kan vere sett opp med den til neste år. Dersom du fyrer lite eller er ekstra flink med fyringsteknikken så kan du vere sett opp med feiing endå sjeldnare.

Brannførebyggarane varslar deg i forkant når dei skal feie. Varselet kjem på ein SMS til din telefon. Der står det kven som kjem og kva dag/tid. Dersom du har spørsmål til den konkrete feiinga ber vi deg ta kontakt med brannførebyggaren direkte på telefonnummeret nedst i SMSen. 

Brannførebyggarane våre brukar mykje ekstra tid på bomturar til hus der det ikkje er gjort klar til feiing. Vi ber deg derfor ha tilfredsstillande tilkomst til dei når dei kjem. Her finn du reglar for kva som kan aksepterast. Hugs at ditt tak er deira arbeidsstad. I tillegg må trekken og døra til eldstaden, og sotluke vere lukka slik at ikkje sot kjem inn i bustaden ved feiing. Vi føresett at dette er gjort når stigen er lagt fram. 

Delar du stige men nokon andre? Vi har ikkje loggført kven som deler stige med andre i nærleiken. Ta kontakt med brannførebyggaren for å gje beskjed om dette. 

Har du generelle spørsmål om feietenesta kan du ta kontakt med arbeidformann for brannførebyggarane, Morten Dale, tlf: 952 15 131, eller leiar førebyggande avdeling, Torill Anita Segtnan, tlf: 476 72 972.