Øvinga blei gjennomført i eit strålande vær og mannskapa fekk erfart nokre av dei utfordringane ein tunnelbrann gjer oss. Skal vi rykke inn eller ikkje? Eigentryggleik kontra det ein skal prøve å redde. Utrykkingsleiar og mannskap står overfor fleire vanskelege avgjerder i samband med brann i tunnel og dette fekk vi gode døme på under denne øvinga. Øvinga var ein del av grunnkurs brannkonstabel og mannskapa viste stort engasjement i samband med øvinga!

Vi ber publikum som ferdast i tunnelen være merksam på at det fortsatt vil vere nokre restar frå bilar igjen i tunnelen dette vert rydda så snart som råd. Tunnelen er også noko nedsota dette vil bli spylt vekk så godt det lar seg gjere. Det kan elles vere glatt i tunnelen!