Det er dessverre i stor grad eldre menneske og menneske som elles er i ein utsett situasjon som blir overtelt til å kjøpe sikringsutstyr som ikkje er naudsynt. 

Vi kjenner til at det for nokre veker sidan har vore seld feieplattform til ein byggeigar som ikkje hadde bruk for denne. Seljaren har også montert utstyret på ein sånn måte at det vil føre til lekkasje i taket. Vi kjenner til frå tidlegare hendingar at det har det vore forsøkt seld rømmingsstigar og anna redningsutstyr på den same måten. 

Sogn brann og redning IKS har ikkje samarbeid med omreisande seljarar eller føretak som sel brannsikringsutstyr. Det er derfor ingen utanfor brannvesenet som kjenner til kva hus vi har sett krav til montering av utstyr i.

Vårt råd er å ikkje handle frå omreisande utan å ha sjekka behovet for utstyret og kvaliteten på varen og monteringa ved til dømes å be seljaren etter tidlegare .