Etter nyttår kjem meldingane frå brannførebyggaren ut med ei lenke for svar tilbake til oss. Der vil det vere høve til å svare om du gjer klart for feiing eller ikkje - eit ja eller nei. I tillegg er det eit felt for fritekst kor du t.d. kan skrive inn om det skal feiast frå loft, om du ønskjer at brannførebyggaren tar ut sota for deg, eller om det er andre spesielle forhold vi bør kjenne til. Slik vil meldinga sjå ut:

Meldingstekst feiing og tilsyn.JPG

Dersom vi ikkje mottar svar frå deg, så kan vi heller ikkje vere trygg på at alt er førebudd for feiing eller at du er heime og kan ta imot tilsyn. Det gjer at vi heller ikkje kan utføre tenesta til oppsett tid. Dersom du ikkje kan kvittere frå din mobiltelefon eller e-post, så ber vi om at du tar kontakt med brannførebyggaren på telefonnummeret som er gjeve i meldinga. 

Dette er eit nytt system for oss. Det betyr at vi ventar det kan oppstå feil og og mistydingar den første tida. Vi ber innbyggarane ha litt tolmod med oss i ein startfase. 

Dersom du har generelle spørsmål om meldingstenesta ta kontakt med leiar førebyggande avdeling, Torill Anita Segtnan, telefon 476 72 972, eller formann for brannførebyggarane, Morten Dale, telefon 952 15 131.

Kvifor nytt program?

Den nye programløysinga skal gjere at du får raskare tilbakemelding frå oss og at arbeidsdagen vår blir enklare. Brannførebyggarane kjem til å ha med seg nettbrett med alle data ut til deg som kunde. Dei kan såleis notere seg endringar, feil og manglar og andre notat direkte inn i programmet. Det gjer at vi kjem nærare ein papirlaus kvardag også på denne sida.