Vi registrerer at fyringssesongen har starta for fullt. Med den kjem også pipebrannane. 

Måten du brukar eldstaden din på er avgjerande for om vi må ut på utrykking heim til deg. 

Feiermesternes Landsforening har sett opp nokre viktige råd til deg som ønskjer å bruke vedfyring ut over vinteren. 

Vi oppmodar også til å gjere klar for feiing når du mottar varsel frå oss. Vi sender deg varsel i hovudsak på SMS når vi har sett opp besøk hos deg. Varselet kjem med ei lenkje som du må kvittere på. Dersom du ikkje har høve til å gjere dette, så finn du namn og telefonnummer til brannførebyggaren i meldinga sånn at du kan ta kontakt på telefon.

I perioden no etter jul har vi fokus på tilsyn med fyringsanlegget. Tilsynet kan avdekke eventuelle feil og manglar som også kan vere avgjerande for at ein pipebrann kan utvikle seg til ein større bygningsbrann. 

Uansett korleis du fyrer - Hugs å ha fungerande røykvarslarar i bustaden din!