Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Pressemelding

Oppdatering frå leiinga i Sogn brann og redning IKS

Leiargruppa i Sogn brann og redning IKS har hatt daglege møter og samtalar på telefon/videokonferanse sidan 12 mars og gjennom helga. Vi tilpasser oss situasjonen og ser framover med tanke på kva som kan møte oss i vekene som kjem. Rutinar og prosedyrar vil måtte endrast. Dette vert det informert om når det er klart. Det er mange avgjersler som skal takast og det meste handlar om å halde oppe beredskapen og aktivitet slik at vi kan ta vare på innbyggarane våre om noko skulle skje. Men og korleis vi på på best mogleg vis tek vare på dei tilsette.

Prioritet nr.1 er altså å sørge for rutiner som hindrar eller avgrensar mannskapa frå å verte smitta samt å få oversikt over kor mange mannskap som er tilgjengeleg for utrykking. 

Klarar vi det vil vi og kunne hjelpe deg!

Vi oppmodar publikum til å vere forsiktige når dykk driv med aktivitet som kan føre til brann eller ulykke. Om alle er vakne og tilstades når dei lagar mat, kjører forsiktig, og tar ei runde i huset før dykk går til sengs kan vi kanskje unngå utrykkingar som fører til at vi ev. vert smitta.  Dette er ditt viktigaste bidrag til å oppretthalde beredskapen i Sogn brann og redning IKS.

Om du ønskjer kontakt med oss kan du sende epost til post@sognbrann.no eller via kontaktinformasjonen som du finn her: https://www.sognbrann.no/kontaktinformasjon.264489.no.html

 

 

 

Publisert | Oppdatert 17. mars 2020