Er du mann eller dama og har lyst til å bli ein del av oss så er dette dei rette kvelden til å møte opp for å høyre meir om oss og kva som krevst for å bli brannkonstabel i SBR IKS. Vi gjer merksam på at dette er deltids stillingar. 

Det blir lagt opp til infomøte og omvising i brannstasjon i tillegg til intervju og fysisk test.

For å kunne vera med oss må du:

  • Godkjent fysisk test
  • Bustad 4-6 min frå brannstasjonen.
  • Det er ynskjeleg at du har førarkort klasse C
  • Politiattest
  • Legeerklæring (vert kravd før tilsetting)

 

Oppmøtestad og tidspunkt til rekrutteringskveldane er:

Sogndal

Måndag 24 sept. kl. 17.00, møt i brannstasjon Ulvahaugen 2.

Gaupne / Hafslo

Tysdag 25 sept. kl.17.00, møt i brannstasjon Røneidsgrandane i Gaupne

Leikanger

Onsdag 26 sept. Kl. 17.00, møt i kommunehuset.

Balestrand

Måndag 15 okt. kl. 17.00, møt i kommunehuset.

Vik

Tysdag 16 okt. kl. 17.00, møt i kommunehuset.

 
Håpa du teke turen denne kvelden. Dersom dette ikkje høver kan du ta kontakt med avdelingsleiar beredskap Olaf Mørch på tlf:91586822 eller overbrannmeistar Geir Ove Sva på tlf:95833160