Men visste du at kravet om røykvarslar i bustader og fritidsbustader ikkje kom inn i byggereglane før i 1985?

Visste du at mange born ikkje vaknar av røykvarslaren sjølv om den heng i rommet dei søv i?

Visste du at det i nye hus er krav til at røykvarslarane skal vere kopla i serie, vere kopla til straumforsyning og ha batteribackup?

Visste du at mange ikkje oppfattar alarmen på grunn av kognitiv svikt?

Visste du at bustader i Norge er berekna på at bebuaren skal kunne rømme ut på eigen hand? 

Visste du at røykvarslaren har ein "best før-dato"?

Desse spørsmåla og mange til kan du få svar på om du besøker oss på stand. Du finn oss saman med det lokale el-tilsynet og Gjensidige.

Vi er å treffe på Amfisenteret i Sogndal frå klokka 11:00, Pyramiden i Gaupne og Saften i Leikanger frå klokka 10:30, Joker i Balestrand og Vikjatunet i Vik frå klokka 10:00 den 2. desember. 

Les meir på Sikkerhverdag.no og Røykvarslerdagen.no

 

Sogn brann og redning IKS ønskjer alle ei branntrygg jul!