Vi markerer røykvarslardagen på AMFI-senteret i Sogndal, Pyramiden i Gaupne, Saften i Leikangar, Joker i Balestrand og Vikjatunet i Vik. Saman med oss treff du også samarbeidspartnarane våre frå Sygnir, Breheimnett og Gjensidige. 

Dei fleste som døyr i brann har ein fysisk eller kognitiv svikt, bur åleine og har utfordringar med rus eller medisin. Er du pårørande, nabo eller kjenner du nokon som høyrer heime i denne gruppa, så kan du gjere ein livsviktig forskjell ved å ta ein prat og hjelpe til med å sjekke branntryggleiken til hen. 

Nokre fakta:

  • To av tre bygningsbrannar oppstår i bustad
  • Dei fleste bustadbrannane startar på komfyren eller i elektrisk utstyr. 
  • Ved fleire dødsbrannar er det avdekka at røykvarslar ikkje var montert eller mangla batteri. 
  • Røykvaraslaren har ein best-før-dato.
  • Røykvarslarar har behov for jamleg byte av batteri.
  • Barn vaknar som oftast ikkje av lyden av røykvarslar eller brannalarm. 

Dersom du har alarmanlegg så treng også dette vedlikehald. Gjer deg kjent med anlegget og ta kontakt med leverandør/montør om du treng hjelp.

Hugseliste:

  • Lad elektronikk i rom med røykvarslar, og ikkje når du skal sove eller er ute av huset.
  • Sjekk skøyteleidningar jamleg for skade og svimerke.
  • Slå av julelysa når du legg deg eller går ut.
  • Vær alltid til stades når du lagar mat. Vi tilrår komfyrvakt over koketopp.
  • Ha alltid ryddige rømmingsvegar.

God røykvarslardag!