Arbeidsoppgåver:
- Vera brannkonstabel/røykdykkar ved Vik brannstasjon, og delta i den vaktordning som til ei kvar tid er gjeldande.
- Stillinga på 2,4 % utgjer 50 timar årleg til ferdigheitstrening og øvingar.
- Delta på utrykkingar.
Våre ynskjer og krav til deg
- Det er ein fordel med førarkort klasse C, K160 og anna relevant erfaring og utdanning
- Du må bu innan 6 min køyring til brannstasjonen.
- Du må vere villig til å gjennomføre lovpålagt utdanning innan 2 år.
- Du må ha hovudarbeidsgjevar si godkjenning for å kunne delta på utrykkingar i arbeidstida.
- Du må vera fysisk og psykisk skikka, og bestå fysisk test for røykdykkarar innan prøvetida (6mnd)
- Det vert kravd uttømmande politiattest og legeerklæring før tilsetting.
- Vere teamorientert, lojal, ryddig, løysingsorientert og praktisk anlagt.
Me tilbyr
- Fysiske og psykiske utfordringar og påkjenningar i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der ein kjem tett på kvarandre.
- Løn etter tariff med gunstige pensjonsvilkår i KLP.
Me oppfordrar kvinner til å søke!
Interessert??
Gå du inn på: www.sognbrann.no (Rekruttering av mannskap -> skjema forenkla CV).
Fyll ut og send det til avd. leiar beredskap Geir Ove Sva, e-post: geir.ove.sva@sognbrann.no
Søknadsfrist 28.09.26
Håpar du har lyst til å vera med oss i Sogn brann og redning i ein spennande og gjevande jobb for å ivareta lokal beredskap mot brannar og ulykker!
Send søknad, eller ta kontakt om du har spørsmål: Geir Ove Sva, tlf: 95833160.
Sogndal 07.09.2026
Geir Ove Sva, Leiar beredskap Sogn brann og redning IKS
