Nokre bygg blir delt opp på ulike måtar for at ein brann ikkje skal spreie seg så fort. Dersom du bur i ein einebustad, eit hus for berre deg og din familie, så er heile huset normalt berre ei branncelle frå loft til kjellar. Det vil likevel hjelpe om du lukker dørene mellom ulike rom for å seinke farta på røyk- og brannspreiing.

 

Er det ei utleigeleilegheit med eigen inngang og alle naudsynte rom i same bustad, så er det truleg ei eigen branncelle – ei eigen brukseining. Hyblar som blir leigd ut med fellesrom vil saman utgjere ei branncelle. Garasjen din treng ikkje vere ei eigen branncelle om den er mindre enn 50 m2 og du har ein einebustad, men må vere eigen branncelle om den er av same storleik men ligg inntil ei anna brukseining/leilegheit.

 

Andre eksempel på brannceller er leilegheiter i ei blokk, einingar i eit rekkehus, kvart enkelt klasserom på ein skule, hotellrom, pasientrom på eit sjukehus/sjukeheim, korridor og trapperom som skal brukast som rømmingsveg, garasjeanlegg, ventilasjonsrom, butikklokale, eit eller fleire kontor saman, og husdyrrom i eit driftsbygg.

 

Det er ulikt kor lang tid skiljekonstruksjonane rundt branncella skal kunne trygge deg mot ein brann frå nabocella. I dei lågaste bygningane skal cellene halde i 30 minutt. For større bygg, bygg med mange menneske, og der ikkje alle kan komme seg ut på eigen hand, skal cellene halde i 60 minutt. Til slutt må vi gjere merksam på at det av ulike årsaker kan vere gjort unnatak frå desse prinsippa i nokre bygg.