Sogn brann og redning arrangerer kurs i brannvern 10. mars, og kurs i vurdering av brannrisiko 11. mars. Begge kursa blir haldne i Sogndal. Meir informasjon om innhaldet, tid, stad, pris og påmelding finn du i denne lenkja.
Kurset i brannvern (brannvernleiarkurs) vil mellom anna omfatte regelverk, ansvarsfordeling, instruksar og planar, øving og opplæring.
Vi har sett opp eit eige kurs om vurdering og forståing av kva brannrisiko er, bruk av statistikk, og tiltak for å få redusert risiko. Vi ser at dette ofte kan vere vanskeleg å få tak på for dei fleste vi er i kontakt med.
Har du spørsmål? Ring leiar for førebyggande avdeling, Torill Anita Segtnan, telefon 476 72 972.