Kva er problemet?

Ein brann utviklar seg hurtig. I ei branncelle, som til dømes ei leilegheit,  har du 3-5 minutt på deg til å komme deg ut når ein brann har oppstått. 

Formålet med eit brannvarslingssystem er at dei som er i bygget skal få tidleg varsel sånn at denne tida blir utnytta på best mogleg måte.

Undersøkingar viser at etter 4-5 unødige alarmar vil berre 25% evakuere, og farlege situasjonar kan oppstå. 

Unødige alarmar i bedrifter fører til stogg i produksjonen.

Utrykking med tunge brannbilar fører til auka risiko for trafikkulukker.

Skulle det oppstå ei reell hending samstundes kan vi bli forseinka fordi brannmannskapa er opptatt med å avklare ein unødig alarm.

Kva kan årsaka vere?

Vi rykker ofte ut på alarmar knytt til matlaging, bygningsarbeid, støv, damp og tekniske feil. Gamle alarmanlegg, dårleg gjennomtenkte løysingar og manglande vedlikehald kan vere ei kjelde til feil. 

 

Kva kan du gjere?

Talet på desse alarmane kan reduserast ved å endre type detektor, endre plassering av detektoren, forbetre avtrekket over komfyren, vedlikehalde og forbetre alarmsystemet og montere avstillingsbrytar knytt til leilegheit. I nokre tilfelle kan det vere naudsynt å kombinere fleire tiltak. 

 

Kva ansvar har huseigar?

  • Peik ut ein ansvarleg for brannalarmanlegget 
  • Skaff deg kunnskap om korleis det fungerer
  • Gje opplæring til dei som skal bruke anlegget
  • Sjå til at brannalarmanlegget har ettersyn, kontroll og vedlikehald
  • Ta kontakt med kontrollfirma ved feil på anlegget
  • Ha rutinar ved bygningsarbeid for å hindre støv, damp eller røyk
  • Ha rutinar for at ikkje arbeid på sjølve brannalarmanlegget føre til unødig alarm

 

Kva ansvar har brukar/bebuar?

  • Få opplæring i korleis brannalarmen fungerer
  • Sett ventilatoren på før du lagar mat
  • Reingjer filteret i ventilatoren minst kvar tredje månad
  • Reingjer steikeomnen for å unngå røyk
  • Ikkje sett i gang arbeid som fører til støv, damp eller røyk, som kan sette i gang brannalarmen.

 

Gjer deg kjent med branninstruks, rutinar og rømmingsvegar.

Gå alltid ut når brannalarmen går!

Rekk du ikkje å avstille alarmen? Ring 110 for å hindre unødig utrykking.

TAKK FOR HJELPA!

 

Treng du fleire råd? Ta kontakt med:

Torill Anita Segtnan, leiar førebyggande avd., tlf.: 47672972

Olav Helge Ylvisåker, branninspektør, tlf.: 91842982

Marlene Kvammen, branninspektør, tlf.: 99413171