Dei siste to vekene har vore uvanlege for oss alle. Aktiviteten på mange arbeidsplassar er redusert eller innstilt heilt, mens heimeaktivitetane går opp. Samstundes er det mange som ikkje har den kontakten med omverda som dei normalt har. Dette gjer at vi også må tenkje nytt om branntryggleiken. 

Det er kanskje ei stund sidan du såg etter at sløkkemiddelet var i orden, testa varslingssystemet i heimen, såg etter rømmingsvegane ut frå eigen bustad og snakka med familien om kva kvar og ein bør gjere om ein brann skulle oppstå. Dette er ein god moglegheit til å ta opp nettopp desse spørsmåla og å gjennomføre ei brannøving på. Dersom du er pårørande eller på anna måte har dagleg kontakt med eldre eller andre innanfor utsette grupper, er dette også noko å ta med i samtalen dei kommande vekene. 

Visste du forresten at mange små born, og nokre ungdommar, ikkje vaknar av røykvarslaren når dei søv? Eller at det er lurt å bli einige om ein møtestad utafor bustaden om det blir naudsynt å rømme i ein brannsituasjon? Kanskje du har høyrt om at sløkkemiddel har ei begrensa levetid, og at pulverapparat skal vendast nokre gongar i året? Har du kontroll på elektrisk og elektronisk utstyr? Du kan finne mange lure tips på www.sikkerhverdag.no både om tryggleik knytt til brann, men og andre tryggleikstips til heimen.