Premieoppgåve: 

Vi er interessert i di komfyrbrannhistorie.  Det kan vere ei nestenhending, ein av dei turane vi ikkje måtte ut på. Send inn historia di til oss på post@sognbrann.no. Merk e-posten "Komfyrbrannhistorie". Vi har sjølvsagt ei komfyrvakt liggande til den som har ei god historie å dele med oss. 

 

Kvifor brenn det på komfyren?

Det har lenge vore kjent at brann og redningsvesen i Noreg ofte må ut på grunn av komfyrrelaterte hendingar som til dømes tørrkoking. Dei aller fleste av desse turane skuldast uoppmerksamheit frå heilt vanlege menneske som deg og meg, ikkje tekniske feil. Nokre minutt i telefonen, framom nettbrettet, for å hjelpe borna med leksene eller snakke med naboen som ringde på døra. Meir skal det ikkje til før det kan vere for seint.

 

Kven bør ha komfyrvakt?

Komfyrvakt har lenge vore eit hjelpemiddel for menneske som ikkje hugser så godt lenger. Men undersøkingar har vist at det slett ikkje berre er denne gruppa som blir opptatt med andre ting under matlaging, og såleis blir ein del av statistikken. For nokre år sidan blei det derfor påbod om å montere komfyrvakt i nye bygg og ved større endringar på kjøkkenet. Det er gjort erfaringar med at komfyrvakt har redda hus og heim frå røyk- og brannskader.

Korleis fungerer komfyrvakta?

Komfyrvakta består av ein sensor som skal monterast over koketoppen, og ein brytar som kutter straumen til komfyren. Sensoren varslar deg i første omgang om at det er fare for brann på komfyren sånn at du kan ta hand om situasjonen. Dersom kjelda til varlinga ikkje blir fjerna, kuttar brytaren straumen til komfyren og faren er avverga. 

Komfyrvakter kjem i mange ulike utgåver. Nokre er enkle å montere. Andre kan programmerast til akkurat din koketopp. 

Er du pårørande til menneske i risikogruppa for å omkome eller blir hardt skada i brann, kan du ta kontakt med helse og omsorgstenesta i kommunen din for å få vurdert om komfyrvakt kan tildelast gjennom hjelpemiddelsentralen. 

 

Det beste brannførebyggande rådet:

Ha alltid oppsyn med komfyren når du lagar mat!