I år sender vi ut SMS-varsel til dei som har fritidsbustader i Luster. Meldinga du får ser ut som den på bilete over.  

I meldinga blir du bede om å trykke på ei lenkje til registreringsskjema. 

Hyttetilsyn registrering 1.jpg  Hyttetilsyn registrering 2.jpg

Opplysningane vi skal registere er mellom anna kva type fyringsanlegg og skorstein som er montert, kor ofte fritidsbustaden er i bruk og korleis vi kan komme oss fram til den.

Når vi har registrert opplysningane så sett vi dei inn i aktuelle arbeidsruter og planlegg dagane våre. 

Dersom du ikkje har moglegheit til å registrere desse opplysningane sjølv, ber vi om at du tar kontakt med brannførebyggaren som er sett som kontaktperson i varselet.