Vi har synst det er kjekt å ha kontakt med innbyggarane i området vårt, men ser helst at vi slepp å komme på besøk med blålys og sirener. Derfor ber vi deg om å 

- sjekke at røykvarslarane fungerer i bustaden din 

- følgje med når du lagar mat på komfyren

- berre brenn tørr ved og har god trekk når du bruker eldstaden din

- sløkker julelysa når du skal ut av huset eller skal sove

- sløkker levande lys når du forlater rommet dei står i

- ladar elektroniske apparat på ein trygg måte

- passe på at brennbare gjenstandar ikkje står for nær open eld eller eldstad

- har sløkkemiddel tilgjengeleg om ein brann skulle oppstå

- passar på at rømmingsvegane er rydda og klare

- aske som blir tatt ut av eldstaden blir sett på ein sikker stad opptil to-tre døgn etter uttak

Til slutt håpar vi at du tar deg god tid og ferdast med varsemd i trafikken.

GOD JUL!