Gebyr for feiing og bustadtilsyn vert rekna ut frå sjølvkostprinsippet. Det betyr at kostnadar knytt til drift av dette arbeidet, inkludert del av fellesutgifter i selskapet, er grunnlag for avgiftene. 

Gebyra dekkar både feiing og tilsyn i bustader og fritidsbustader. Satsen er likevel sett opp etter talet på røykløp som er i det enkelte bygget, og kor ofte dette må feiast. Etter kvart har vi sett at behovet for feiing har gått ned hos mange på grunn av installering av varmepumper og andre tiltak som gjer at dei fleste ikkje fyrer så mykje lenger. Det har gjort at fleire får minstegebyret og ferre får gebyr for årleg feiing. Derfor må vi justere satsane også for 2022 for at sluttsummen skal vere dekkande for tenesta. 

Gebyra er delt i tre; feiing kvart år, feiing kvart anna år og eit minstegebyr for tenester kvart fjerde år eller sjeldnare. I bygg som berre skal ha berre har tilsyn, t.d. der kor det er gassfyrte anlegg, vil desse bli sett til minstesats. Sjølv om feiinga blir utført sjeldnare enn kvart år, så får du rekning årleg. 

For 2022 er satsane sett til:

Årleg                                                                 950,-

Kvart anna år:                                                   600,-

Minstesats (kvart fjerde år eller sjeldnare)       480,-

Andre tenester som brannførebyggaren utfører som t.d. feiing av bakaromnar, fresing av beksot, ekstra feiing og tilsyn utanom intervall osb. blir fakturert etter satsar i eigen prisliste i kvart enkelt tilfelle.