Databaserte statistikkar frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap gjev oss oppdaterte tal frå dag til dag om kva norske brannvesen er ute på av hendingar. Den same statistikken gjev oss også tala over kor mange som er døde i brann år for år frå 1979 og fram til i dag.

Det har vist seg over tid at heimebuande eldre er spesielt utsette når det brenn i bustaden deira. Det kan skuldast svekka fysiske evner eller svekka mental kapasitet. Der kan du som pårørande gjere ein god førebyggande jobb gjennom å snakke om branntryggleik. 

Her er nokre enkle tips til ein brannførebyggande prat:

- Sjekk at røykvarslaren/røykvarslarane fungerer. Skift batteri om naudsynt. Røykvarslarane bør vere kopla saman i serie og dei skal vere montert i taket. Tidleg varsling er spara tid. Dersom bebuaren høyrer dårleg kan du ta kontakt med kommunen for å finne ut om denne har moglegheit for å få hjelpemiddel.

- Dersom bebuaren røyker kan det vere greitt å sjå om det er fare for at ein brennande sigarett kan antenne området rundt der bebuaren vanlegvis sitt. Tøy som brenn lett kan til dømes erstattast eller dekkast med tøy som er flammehemmande. 

- Det vere lurt å montere ei komfyrvakt over koketoppen uansett om bebuaren normalt passar på matlaginga eller ikkje. Det er fort gjort å gløyme. Tørrkoking er ein av dei årsakane brannvesen ofte rykker ut til. 

- Mange bustader har soverom i andre etasje utan annan rømmingsveg ut enn eit vindauge. Ta ei vurdering om soveplassen kan flyttast nærare ei utgangsdør. Dette vil betre moglegheita for å kunne komme seg ut om det skulle begynne å brenne om natta. 

Bry deg før det brenner!