Feiing blir for det meste varsla elektronisk. Dato og tidspunkt for feiinga står i denne meldinga. 

Er det spørsmål om feiinga, eller ynskje om å avtale tidspunkt (klokkeslett), kontakt feiaren direkte på telefonnummeret som står i meldinga. Om feiing ikkje passar, og de vil avtala ny tid, må de ta kontakt på same telefonnummeret.

Feiaren skal feia omnsrøyr og ta ut sota etter feiing viss huseigar ynskjer dette. Feiaren må i tilfelle ha beskjed om det på same måten.

 

Har du feieluke på loftet?

Dersom feiing skal gjerast frå feieluke på loftet må også feiaren ha beskjed om det i forkant av feiinga, og du må vere heime for å ta imot feiaren.

 

Kor ofte skal det feiast?

Ifølge Forskrift om brannforebygging kap. 4 - §17 skal feiing av skorsteinar utførast etter behov. Behovet skal vera basert på risiko. Det er feiaren sin jobb å risikovurdere framtidig feiing, basert på korleis forholda var ved forrige feiing. Sotmengde, sotkonsistens og fyringsmønster er noko av det som blir lagt til grunn i vurderinga.

Alle fyringsanlegg me skal feia og føra tilsyn med, er lagde inn med ein frekvens for kor ofte dette skal utførast.

Området me dekkjer er stort, og alle kan ikkje få feiing akkurat når dei ynskjer det, Det kan bli mindre forskyvingar men feiing vil som oftast bli utført i løpet av det året det er planlagd. 

Dersom du ønskjer ekstra feiing og ikkje har mottatt melding, kan du ta kontakt med Sogn brann og redning IKS for å få avtale.

 

Feiing av fritidsbustad/ hytte

Tidlegare hadde kommunane høve til å avgjera å ikkje feia eller føra tilsyn med fritidsbustader, men dette blei endra i 2016 med Forskrift om brannforebygging. Hytta skal med andre ord ha tilsyn og feiing til liks med din vanlege bustad. Denne type feiing skal også vurderast ut frå risiko og krav til tilkomst er som for bustadhus.

 

Kva må gjerast før feiing?

Alle eldstader/fyringsanlegg må vera sløkt ein del timar før og under feiing, for at ikkje feiaren skal pusta inn røyk.

Lukk omnsdører, trekkventilar og peisspjeld for å unngå sotskadar i bustaden under feiing.

Varsle leigebuar der dette er aktuelt.

Ha det ryddig rundt skorsteinar og feie- og sotluker, slik at feiing og uttak av sot kan føregå utan hindring, og for å unngå tilsoting.

Legg fram husstige til feiaren. Stigen må vere i god stand. Feiaren vil sjølv setja stigen opp før feiing, samt ta den ned etter feiing. Dette for å hindra utilsikta bruk av stigen. Dersom stigen må sikrast frå å skli eller at stigen er ekstra lang og tung, må huseigar sette opp stigen og legge til rette før feiaren kjem.

 

Tilkomst for feiaren

Sogn brann og redning IKS har ein eigen instruks for feiaren om sikker tilkomst på tak. Viss ikkje forholda er lagde til rette for at denne kan fylgjast, vil ikkje feiing bli utført.

 

Meld frå til Sogn brann og redning IKS om det er montert ny eldstad, eller gjort vesentlege endringar på fyringsanlegg eller fyringsmønster.

 

Meir informasjon om feiing og tilsyn finn du under fanen Feiing og tilsyn på nettsida vår.