Vakthavende brannsjef/overordna vakt har tlf. 48 29 69 29 (svarer bl.a på spørsmål om brenning mv.)

Sjølv om det generelle bålforbodet i skog og anna utmark er oppheva har du eit ansvar for å vurdere branntryggleiken når du tenner opp eit bål. Sjølv i tida fram til 15. april kan det i periodar vere så tørt at det ikkje bør brukast open eld utandørs. Det kan vere store lokale variasjonar og du må sjølv vurdere tryggleiken for om ein brann skal kunne spreie seg.

Brannvesenet gjer ikkje løyve til bålbrenning i enkelthøve, men kan legge ned generelt forbod mot brenning dersom det blir ekstra tørre periodar. 

Du må også ta omsyn til at eit bål i mørket på litt avstand kan sjå ut som ein brann, og derfor bli varsla til brannvesenet som må rykke ut. Ved unødig utrykking som vi vurderer som uaktsomhet, vil vi fakturere deg som ansvarleg for våre utgifter. 

Du skal alltid ha kontroll på bålet og ha tilstrekkeleg sløkkemiddel på plass. Gå aldri ifrå eit bål utan at det er heilt sløkt, sjølv ikkje for ein kortare periode. Attverande glør kan tenne ein brann etter mange timar.

Bål skal berre innehalde reint trevirke. Avfall skal leverast på bossplassen. 

Bålrøyk kan vere sjenerande for menneske med luftvegsproblem. Ta derfor omsyn til vindtrekk som kan ta røyken mot bustadhus eller andre område der mange samlar seg. Nokre kommunar har forskrifter som regulerar bruk av open eld med omsyn til miljøet. Sjekk kva som gjeld der kor du skal brenne bål. 

Det er mange ulike meiningar om kva som er eit lite eller eit stort bål. For å illustrere kva vi meiner er grensa for eit lite bål, har vi derfor tatt utgangspunkt i effektivitetsklassane for handsløkkemiddel. Testbålet for 55A, den høgaste sløkkeklassen for tørt trevirke, har ei lengde på 550cm, breidde på 56 cm og høgde på 50 cm. Det vil sei om lag 1,5 m3, eller eit bål med flate på 3 m2 og ei høgde på 0,5 m. Bål ut over denne storleiken kan reknast som stort bål.

Regelverket kring bålbrenning finn du i forskrift om brannforebygging §3.