Utstillinga har vore sett opp som samarbeid mellom Sogndal kommune og Sogn brann og redning. Sivilforsvaret har vore til stades i samband med eigenberedskapsveka kommande veke, og Sygnir var med på informasjonsarrangement kring tryggleiksveka på Trivselstunet tysdag.
Vi ønskjer å rette ein stor takk til Thon Senter Sogningen som stilte med lokale og inventar til utstillinga. Vi vil også takke Sogn sparebank som har sponsa ein heil del brannteppe som blei delt ut til besøkande på Trivselstunet og i utstillinga.
Dersom du ikkje fekk høve til å komme innom i Sogndal, så kjem utstillinga opp på Pyramiden i Gaupne frå onsdag 28. til fredag 30. oktober, altso førstkommande veke. Då vil Luster kommune, Sogn brann og redning og Sivilforsvaret vere til stades med informasjon og rettleiing.
