Brannvernveka er ein landsomfattande førebyggande kampanje for å få auka forståing for branntryggleik.

Vi er flinke til å ha brannøving på skular, i barnehagane og på arbeidsstaden. Men korleis gjer vi dette heime?

Bur du åleine? Gjer deg kjent med rømmingsvegar og sjå at du kan komme deg ut til alle årstider. 

Bur du saman med andre så ha ein liten brannøving. Bli samde om kor de skal møtast på utsida av bygget dersom det skulle brenne inne. 

Du finn meir om rømmingsvegar på sikkerhverdag.no

Tysdag 16., onsdag 17. og torsdag 18. september skal vi ha brannførebyggande opplæring med dei eldste i mange av barnehagane i distriktet vårt. Opplæringa blir arrangert på, og er eit samarbeid med, ViteMeir på Kaupanger. 

Vi skal også ha open brannstasjon laurdag 20. september i Vik (klokka 10:00-12:00), Balestrand (klokka 12:00-14:00), Gaupne (klokka 10:00-13:00) og Sogndal (klokka 10:00-13:00). Der kan du sjå bilane våre og møte brannfolk. Bjørnis har dukkar opp i Gaupne og i Sogndal i år. 

På Leikanger blir det open brannstasjon samstundes med Fruktbare dagar laurdag 4. oktober. Kanskje dukkar Bjørnis opp også her?