Brannvernveka er ein landsomfattande førebyggande kampanje for å få auka forståing for branntryggleik.

Vi er flinke til å ha brannøving på skular, i barnehagane og på arbeidsstaden. Men korleis gjer vi dette heime?

Bur du åleine? Gjer deg kjent med rømmingsvegar og sjå at du kan komme deg ut til alle årstider. 

Bur du saman med andre så ha ein liten brannøving. Bli samde om kor de skal møtast på utsida av bygget dersom det skulle brenne inne. 

Du finn meir om rømmingsvegar på sikkerhverdag.no

Tysdag 15., onsdag 16. og torsdag 17. september skal vi ha brannførebyggande opplæring med dei eldste i mange av barnehagane i distriktet vårt. Opplæringa blir arrangert på, og er eit samarbeid med, ViteMeir på Kaupanger. 

Vi skal også ha open brannstasjon laurdag 19. september i Vik (klokka 10:00-12:00), Balestrand (klokka 12:00-14:00), Gaupne (klokka 10:00-13:00) og Sogndal (klokka 10:00-13:00). Der kan du sjå bilane våre og møte brannfolk. Bjørnis har dukkar opp i Vik og i Balestrand i år. 

På Leikanger blir det open brannstasjon samstundes med Fruktbare dagar laurdag 3. oktober. Kanskje dukkar Bjørnis opp også her?

Tidlegare kunnskapsløype er i år erstatta med Nasjonal brannquiz. Denne får du tilgang til om du kjem innom på ein av stasjonane våre og finn plakaten med QR-kode for denne konkurransen. Bak koden ligg det nokre enkle spørsmål. Du er med i trekkinga om en premie på kr 10 000,- om du svarar rett. 

På stasjonane kan du også få gode råd og tips frå våre tilsette, sjå på bilar og utstyr og hente med deg brosjyrar som du kan lese heime.

Stikk innom då vel!