Det generelle bålforbodet blei oppheva 15. september. Ute i terrenget kan det likevel vere så tørt at du må tenkje deg godt om før du brukar open eld. 

Forskrift om brannførebygging §3 seier at det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt. Dette betyr at du må gjere ei vurdering av om det er trygt å brenne bål, bruke eingongsgrill, fyre opp primus eller stormkjøkken, eller nytte open eld på anna måte akkurat der du er. 

Ein brann ute i terrenget er ei utfordring for oss. Det kan ta tid før vi finn fram til staden der det brenn, det er vanskeleg å komme fram, vi har ofte lite tilgjengeleg sløkkevatn og brannen kan spreie seg nede i torva. Ein brann kan derfor utvikle seg mykje før vi får starta sløkking på ein god måte. 

Hugs derfor at du har ein plikt til å vise aktsemd sånn at ikkje din aktivitet fører til brann!