Sogn brann og redning hadde i veke 11 besøk av  Leif Atle Treland frå Nordhordland og Gulen interkommunale forebyggende avdelingen i samband med besøk i barnehage og skule. Han viste oss sitt opplegg for barnehage og 6.klassingar. I barnehagen på Rones hadde vi ein liten time teori med 5 åringane før vi køyrde ein liten runde med redningsbilen. Teorien fokuserte på dokka Trygge som Leif Atle hadde med seg, samt Eldar og Vanja frå Brannvernforeningen sitt opplegg. Dette hadde ungane førebudd seg noko på. Alle viste at det var lurt med røykvarslar! Og alle viste at dei skulle gå roleg ut til avtalt møteplass når den peip!

6.klassingane på Kvåle hadde eit litt tyngre teori opplegg med gjennomgang av statistikk, regelverk og gode råd på eit noko høgare nivå. Mykje godt engasjement i klassen! Økta vart avslutta med slokke øving der alle fekk prøve brann teppe og skum apparat. Tross noko skepsis hjå enkelte gjennomførte alle, inkludert lærarinna, med glans!
 

Sjå meir i Sognavis