Om avdeling for forebyggande


Avdeling for forebyggande har m.a ansvar for tilsyn i særskilte brannobjekt og feiing-og bustadtilsyn. Avdelinga har 4 tilsynspersonell inkl avdelings leiar og 4 feiarar og ein feiarlærling. Avdelinga er vidare tillagt ansvar for byggetilsyn i dei 5 eigarkommunane våre. Avdelingas hovedmål er å førebygge brann og dermed unngå tap av liv og verdiar. Dei brannførebyggande oppgåvene er først og fremst knytta til lovpålagde oppgåver. Avdelinga utfører også andre brannførebyggande oppgåver som ikkje er direkte lovpålagd men som har stor verdi knytt til å førebygge brannar.

Avdelinga driv med tilsyn i verksemder som er definert som særskilte brannobjekt/risikoobjekt. Det vil seie objekt (bygningar, tunnelar) der det er stor risiko for tap av menneskeliv eller store verdiar ved brann. I tillegg driv avdelinga med variert brannførebyggande arbeid ma. i form av lovpålagt informasjonsverksemd td retta mot utsatte grupper, sakshandsaming knytt til brannfarlig- og eksplosiv vare, veiledning for bygningsmyndigheitene, ev. deltaking i risiko- og sårbarhetsanalysar, uttaler til reguleringsplanar mv.

Ny førebyggande forskrift

§ 1 Formål: "Forskriften skal bidra til å redusere sannsynligheten for brann, og begrense konsekvensene brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdier".

 

Meir informasjon finn du på nettsidene til DSB.


Bry deg før det brenner logo.jpg

 

Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut