Nyhende

Skal du brenne Jonsok bål? Les dette!

Under føresetnad at det openbart ikkje kan føre til brann (https://lovdata.no/SF/forskrift/2015-12-17-1710/§3 )vil brannvesenet akseptere at det vært brent Jonsokbål. Dette kan vere i standkanten ol. Brannvesenet ved alarmsentalen ynskjer melding om kvar bålbrenninga finn stad, dette for å redusere sjansen for unødige utrykkingar, meldeskjema finn du her: https://www.alarmsentralen.com/meldingar/melding-om-brenning

Det vert ikkje gjeve tilbakemelding på skjema og du kan krysse av nei på om lokalt brannvesen er orientert (dvs Sogn brann og redning IKS treng ikkje orienterast særskilt).

Den som tenner bålet er ansvarleg for vurderingane som er gjort.

Før bålet vert tent må ein tenkje på følgjande:

  • Plassering må være slik at det openbart ikkje kan føre til brann jf forskriftens paragraf 3 om "generelle krav til aktsomhet" https://www.dsb.no/lover/brannvern-brannvesen-nodnett/veiledning-til-forskrift/veiledning-til-forskrift-om-brannforebygging/#innledende-bestemmelser
  • Den som tenner bålet har det totale ansvaret for brenninga og skal ha grunneigars løyve
  • Slokkemidlar som bøtter med vann, vannslange mv. må vere tilgjengeleg
  • Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr (det generelle forbodet i skog og annan utmark gjeld fortsatt)
  • Ikkje bygg bålet for stort
  • Miljøfarlege og forurensande materialer er det ikkje løyve til å brenne
  • Sørg for at born held god avstand, bruk kle i naturstoff som bomull og ull. Kunstsoffer smelter og tenner lett ved sterk strålevarme.
  • Bålet skal vere fullstendig slokt når bålplassen vert forlatt
  • Kjem bålet ut av kontroll ring 110

Vi minner elles om at eigarkommunane våre har eigne forskrifter om open brenning som og regulerer dette, sjekk med din kommune.

 

 

 

 

2018-06-18

Totalt bålforbod vert heva frå fredag 15 juni kl1200

Værutsiktene og skogbrannindeksen tilseier at forbodet no kan hevast. Vi vil likevel minne om at det i tida frå 15 april til 15 september er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark utan løyve frå kommunen. Vi erfarer og at det kan vere store lokale forskjeller så pass godt på og sjekk tilhøva der du er. Her finn du nokre tips til trygg bålbrenning:

http://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/dette-ma-du-vite-for-du-tenner-bal/

 

Kontakt overordna vakt/vakthavande brannsjef på tlf. 48296929 om du har spørsmål.

2018-06-14

Pressemelding: Totalt bålforbod, grunna stor skogbrannfare ei presisering! Oppdatert 30 mai!

Det tørre fine været held fram, skogbrannindeksen er no stort sett passert 70 (meget stor fare!) og vi finn det naudsynt å gjere nokre presiseringar i høve forbodet. 

- det er forbode å gjere opp bål uansett storleik

- det er forbode å grille og det gjeld og gassgrillar i tillegg til eingongsgrillar bålpannar mv. (Men du kan fortsatt grille heime i eigen hage når du passer på)

- det er forbode å nytte kokeinnretningar med brennstoff som stormkjøken og primus

- det er forbode å bruke maskinar som kan medføre varmeutvikling og/eller gneister som t.d vinkleslipar

- I tillegg oppfordrar vi no å ikkje drive sprengingsarbeid i eller i nærleiken av skog og mark og vi ber og skyttarlag avstå frå aktivitet som kan føre til brann i skog og mark.

Vi erfarer og at folk ikkje respekterer det generelle forbodet som gjeld frå 15 april til 15 september. Fleire tilløp til brann i skog og mark siste veka gjer at Sogn brann og redning IKS innfører frå og med idag (25 mai) totalforbud mot å gjere opp eld utandørs. Det inneber at det ikkje er lov å grille eller tenne bål i skogen, i marka eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke dei faste bålplassane i marka eller brenne bråte når det er totalforbod. Grilling i eigen hage er som regel tillatt så lenge du passar godt på!

Totalforbodet gjeld i alle våre fem eigarkommunar: Sogndal, Luster, Leikangar Balestrand og Vik. Og gjeld inntil ny melding vert lagt ut!

Heimel for forbodet fremgår av forskrift om brannforebygging §3 og brann- og eksplosjonsvernlova §37.

 

 

Ved spørsmål om totalforbodet eller bålbrenning ta kontakt med overordna vakt/vakthavande brannsjef på tlf. 48 29 69 29

https://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Her finn du "skogbrannplakaten" som kan hengast opp der det er naturleg og ved behov.  

https://www.dsb.no/globalassets/dokumenter/brann-og-redning-bre/skogbrannhelikopter/skogbrannplakat.pdf

 

2018-05-25