Det kan vere freistande å spare nokre kroner på straumrekninga ved å setje på vaskemaskina, oppvaskmaskina eller tørketrommelen når du skal gå å leggje deg. Moglegheita til å programmere ulike elektriske og elektroniske produkt gjev oss også høve til å komme heim til til dømes ferdig vaska kle sånn at vi kan henge dei opp før vi startar på middagen. 

Det er langt frå alle brannar i Noreg som blir etterforska og konkludert med ein brannårsak. Likevel har vi nok av eksempel på brannar og branntilløp i nokre av dei mest vanlege elektriske og elektroniske produkta i heimen. Det er heller ikkje sånn at desse brannane er knytt til berre eldre og slitte produkt, sjølv om faren også aukar med bruk og levealder. 

Vi åtvarar derfor sterkt mot å falle for freistinga til å spare kroner, men i staden setje liv, helse og verdiar på spel. 

Ha gjerne også ein fungerande røykvarslar på vaskerommet, kopla i serie med dei andre varslarane i huset ditt,  sånn at eit branntilløp blir oppdaga og du får varsling tidleg.