Opningstida i Sogndal og Gaupne blir frå 10.00 - 14.00, og i Balestrand og Vik blir det frå 11.00 til 14.00.

Bjørnis seier han kjem på besøk til Gaupne og etterpå til Sogndal. Han har også plan om å kome til Leikanger. 

Som vanleg vil vi ha kunnskapskonkurranse i alle stasjonane der vi trekker flotte premiar i etterkant. I år har vi fått flotte sekkar med innhald frå Brannvernforeningen (sjå bilete)

Vi får ofte spørsmål frå barnehagane om å kome på besøk til dei. Vi rekk dessverre ikkje rundt til alle, og oppmodar i staden om å møte opp på open brannstasjon. Vi vil også i samarbeid med ViteMeir invitere til aktivitet for dei eldste barna i barnehagane på ViteMeir i slutten av månaden.