Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har laga ein rettleiar som på ein enkel måte skildrar kva som kan gjerast og ikkje gjerast utan å søke kommunen om løyve. 

Sjølv om arbeidene ikkje er søknadspliktige må dei likevel følje krava i gjeldande teknisk forskrift (TEK 17).

I eit brannteknisk perspektiv betyr det at t.d. rømmingsvegar, varslingssystem og sløkkemiddel vil vere ein del av kriteriane som må vurderast. Endring av romløysinga kan mellom anna føre til at vindauge må nyttast som rømmingsveg, og derfor må oppfylle minstekrav til opning. Det vil også verke inn ved byte av vindauge. Ny utleigeleilegheit kan bli vurdert som ei eigen branncelle og må ha veggar, golv og tak som har tilstrekkeleg brannmotstand. 

Ein heil del arbeid knytt til pipe er søknadspliktige. Installasjon av eldstad er ikkje søknadspliktig, men skal meldast inn for å få knytt til naudsynt feieteneste.

Til slutt eit lite tips: Det er berre lov å installere reintbrennande eldstader, med nokre få unntatak. Alle andre eldre eldstader kan seljast, kjøpast, men ikkje monterast og brukast.