Komfyrvakter er noko som ofte blir knytt til eldre menneske som ikkje hugsar så godt lenger. Erfaring viser at det i like stor grad dreier seg om deg og meg som har litt dårleg tid. Det er fort gjort å gå ifrå komfyren når telefonen ringer, ungane skal ha hjelp til skulearbeider eller naboen kjem på besøk. Matlaging krev at du er til stades.

Brannstatistikken viser at brannar og røykutvikling frå matlaging på og i komfyren er ein gjengangar knytt til utrykking. Komfyrvakta kan hindre at det som skulle vere eit godt måltid blir til ein husbrann. 

Ta ein titt på denne videoen, sjå og høyr kva som kan skje om brannen får utvikle seg.