Dei fleste av oss har vore med på brannøving på arbeidsstaden, på skulen eller kanskje i barnehagen. Likevel er det få som melder om at dei har hatt brannøving i heimen.

Det er minst like viktig å øve heime på kva du skal gjere. Ein brann utviklar seg fort og oppstå også om natta når du ligg og søv. Då er det viktig å vite korleis du skal kome deg ut. Ei brannøving kan innehalde:

1. Sjekk at røykvarslaren/brannalarmen fungerer

Du er avhengig av eit fungerande varslingssystem for å komme deg hurtig ut av bygget du bor i. Jamleg testing av varslingssystemet heime gjer deg tryggare på å få tidleg varsling om det skulle byrje å brenne.

2. Gjere deg kjent med rømmingsvegane i bustaden.

Alle bustader har ei hovuddør inn til bustaddelen, om du bur i eige bygg eller i leilegheit. Har du bustad over fleire plan, kan det også vere du må bruke vindauge som rømmingsveg. Pass på at rømmingsvegane er lett tilgjengelege og at alle i bustaden veit om kor dei er.

3. Kva gjer du når alarmen går?

Hugs at mange ikkje vaknar av røykvarslar eller alarmsystem. Dette omfattar spesielt små born. Gjer ein avtale om korleis de kan få alle med ut. Hugs at du skal redde liv. Gjenstandar kan erstattast og du har ikkje tid til å leite etter dei om du må opp om natta.

4. Kan du sløkke sjølv og veit du kor sløkkemiddelet står?

Alle bustader skal ha eit eller fleire godkjente sløkkemiddel tilgjengeleg. Desse må stå framme sånn at dei er lette å ta til når behovet er der. Slangen er ikkje montert på sløkkemiddelet om det enno ligg i eska du kjøpte det i, Har du husbrannslange kan den fint testast på ei øving i heimen. 

5. Kor skal dei som bur i huset møtast etter dei har evakuert?

I ein brann er det viktig at vi hurtig kan finne tak i kvarandre. Ein avtalt møteplass vil vere til hjelp for å unngå at familiemedlemmar begynner å leite etter kvarandre. 

Øving gjer at vi reagerer hurtigare når ein kritisk situasjon oppstår. Bruk derfor litt tid til å øve med familien din eller andre i bygget du bor i. Finn gode tips til øving på Sikkerhverdag.no