Torsdag og fredag denne veka har det vore full aktivitet på vitensenteret ViteMeir på Kaupanger. Mange barnehagar nytta sjansen til å lære meir om branntryggleik. Plutseleg dukka Bjørnis opp i auditoriet! Saman med branninspektør Marlene viste han fleire ting som er viktig å ha heime og i barnehagen, og dei snakka mykje om kva ein brann er og korleis ein skal unngå brann. Etterpå var det ulike stasjonar ungane kunne besøke for å lære meir og sjå ulike eksperiment.

Og om du trudde dei var ferdig med dette, så kan vi berre sei at det kjem nokre små og store på besøk på måndag også. 

Vi har kosa oss masse og gler oss til fleire samlingar! 

Bjørnis ønskjer god helg til alle små og store brannførebyggarar der ute.