Dette er tiltaka som publikum vil merke:

  • Vi vil ikkje ta imot besøk av eksterne i kontorlokala vår i Kulturhuset.
  • Det vil ikkje bli gjennomført omvisingar på stasjonane våre.
  • Alle større møter, kurs og liknande vil bli avlyst.
  • Mindre møter kan haldast dersom smitterisiko er avklara med deltakarane på førehand.
  • Feiarane vil utføre feiing, men ikkje vanlege bustadtilsyn med mindre det er heilt naudsynt.
  • Anna tilsynsverksemd vil bli redusert etter vurdering i kvart tilfelle.

Dersom du får melding om feiing eller tilsyn, vil det vere mogleg å be om å få dette utsett inntil situasjonen er stabil.

Bruk telefon og e-post post@sognbrann.no for å nå oss inntil vidare.

Nokre av våre tilsette vil truleg velje å ha heimekontor i tida framover, og vil derfor ikkje vere tilgjengeleg som normalt.

Sogn brann og redning IKS vil følgje situasjonen frå dag til dag og vil oppdatere informasjonen etter kvart som behovet er til stades.