Røykvarslarar reddar liv

Det har vist seg gjennom mange år at de tsom reddar flest liv er at det er montert ein fungerande røykvarslar i alle bueiningar. Kontroll av røykvarslaren kan du gjere ved å trykke på testknappen. Skifte av batteri bør gjerast til faste tider, gjerne 1. desember som er knytt til aksjonen Røykvarslarens dag. Mange røykvarslarar er tilrådd frå produsent å byte etter ti år.

 

Manuelt sløkkeutstyr

I bustader og fritidsbustader er det krav om at det skal vere sløkkeutstyr tilgjengeleg for dei som oppheld seg i bygget kan bruke. Du bør velje type sløkkeutstyr og kor mange sløkkeapparat du skal ha ut frå det du skal sløkke og storleiken på bustaden. Minstekrav til sløkkeutstyr er ein husbrannslange som når inn i alle rom, eller eit 6 kg pulverapparat, eller eit 6 liter skumapparat med sløkkeklasse 21A eller betre, eller eit 9 l skumapparat. Alle andre sløkkemiddel er supplement. 

Skumapparat har ei godkjent levetid på 5 år. Pulverapparat har ei godkjent levetid på 10 år, men må då ha ein sakkundig kontroll etter 5 år. I tillegg må pulverapparata vendast med jamne mellomrom slik at pulveret ikkje klumpar seg saman. 

Kontroll og vedlikehald av sløkkjeutstyr må gjerast av sakkundig føretak.