Dette er tiltaka som publikum vil merke:

  • Vi tar ikkje imot besøk av eksterne i kontorlokala våre i Kulturhuset utan særskild avtale.
  • Det vil ikkje bli gjennomført omvisingar på stasjonane våre.
  • Det vil ikkje bli gjennomført større møter, kurs og liknande.
  • Mindre møter kan haldast dersom smitterisiko er avklara med deltakarane på førehand.
  • Feiarane vil utføre feiing, men ikkje vanlege bustadtilsyn med mindre det er heilt naudsynt.
  • Anna tilsynsverksemd vil så langt det lar seg gjere bli utført elektronisk. 

Dersom du får melding om feiing eller tilsyn, vil det vere mogleg å be om å få dette utsett inntil situasjonen er stabil.

Bruk telefon og e-post post@sognbrann.no for å nå oss inntil vidare.

Nokre av våre tilsette vil truleg velje å ha heimekontor i tida framover, og vil derfor ikkje vere tilgjengeleg som normalt.

Sogn brann og redning IKS vil vurdere smittesituasjonen kontinuerleg og opne for meir publikumskontakt når det er å sjå på som forsvarleg.