- Det er generelt bålforbod i tida 15. april til 15.september. Du kan berre bruke open eld der det openbert ikkje er fare for brannspreiing. Ta omsyn til vind og ver. 

- Bålbrenning skal ikkje ringast inn til oss, men meldast til 110 Vest på eige skjema. Innmelding må gjerast i god tid. 

- Din bålrøyk kan vere irriterande for andre. Sjekk i din kommune om det er eigne restriksjonar knytt til luftforureining.

- Det skal berre vere reint treverk på bålet. Avfall skal leverast til godkjent mottak.

- Bålet må aldri vere større enn at du lett kan sløkke det med det sløkkemiddelet du har tilgjengeleg. Bålet skal vere heilt sløkt før du går frå det. Hugs at glør kan ligge lenge og ulme.

- Det er DU som har ansvaret for branntryggleiken. Vis aktsemd!

Sogn brann og redning IKS ønskjer alle ei branntrygg St. Hans eller Olsok-feiring.