Handsprit er meget brannfarleg. Det viser merkinga på behaldarane som du får kjøpe på apotek og i andre utsal. Oppbevaring og bruk må derfor gjerast med omsyn til omgjevnadane, spesielt der kor ein har tennkjelder med gnist eller ope flamme. I nokre medier har det og vore oppslag om sjølvantenning av handsprit som ikkje var tørka heilt på huden etter berøring med statisk elektrisitet. 

Der kor det skal oppbevarast større mengder med handsprit på lager skal det alltid gjerast ein vurdering av risiko opp mot andre varer, brannbegrensande konstruksjonar og installasjonar i lagerlokalet. 

I Noreg er det ikkje sett ei grense for kor mykje handsprit som kan oppbevarast i ein korridor eller lagrast i eit bygg. Det skal likevel gjerast i etter temarettleiar for oppbevaring av brannfarlege stoff, kapittel 3.

Du kan lese meir i denne artikkelen frå Brennaktuelt.no.