Brannvernveka blir likevel gjennomført i tida 20. - 26. september, men då som ein elektronisk kampanje. Les meir om dette på sida til Brannvernforeningen.

Fokus i år vil vere ladevettreglar. Dette kjem det meir informasjon om frå 16. september

Vi oppmodar alle, både private og arbeidsstader, om å nytte brannvernveka til å gjennomføre brannøving. Vi har erfart kor mykje det betyr i ein brannsituasjon at dei som er i bygget veit kva dei skal gjere når alarmen går. Då er det viktig med øvingar, også heime. Nokre tips:

1. Sjekk røykvarslaren/alarmanlegget. Det er di livsforsikring om det brenn. Små born vaknar ikkje alltid av alarmen, og treng derfor ein vaksen til å hente seg ut.

2. Sjekk rømmingsvegane dine ut av bygget. Pass på at alle kan kome seg ut og at ikkje vegane er stengde av ting som må flyttast på.

3. Sjekk at sløkkemiddelet er i orden og står lett tilgjengeleg. Nye brannsløkningsapparat skal takast ut av eska dei er pakka i og slangen må monterast på apparatet. Alle som kan bruke apparatet må vite kor det er plassert. 

4. Gjer ein avtale om ein stad utanfor bygget som dykk kan møtast. Det er ikkje tid til å leite etter kvarandre om ein brann først skulle oppstå

Les meir om tips til brannøving her.